Halvorsen tekst

Anne Gunn Halvorsen

Om å velje rett og skrive feil

0

Eg vil skrive litt om nynorsk.

Det er skummelt, for det kjens som å skulle snakke om ulvesaka berre fordi eg har hatt hund. Eller innvandringspolitikk når eg sjølv aldri har vandra nokon stad. Kva veit vel eg, liksom. Kva veit vel eg, om målsaka og organisasjonane og kampsakene og vedtektene.
​Fint lite.

Men likevel vil eg skrive litt om nynorsk. På same måte som ein fotballspelar må få snakke om korleis det kjens å spela fotball utan å ta for seg alle tildelingane til Norges Fotballforbund. Det vesle eg kan om språkhistoria, om målsaka gjer meg fylt av ærefrykt. Det er heilt klart noko kompetente menneske skal ta seg av.

​Eg vil berre snakke om sjølve spelet. Om kor fint det kan vere å sleppe seg laus over det grøne teppet, få springe så fort ein kan og bruke alle teknikkane ein har i beina og konsentrere seg berre om ballen og målet og skyte og gleda over det.
​Fordi eg har funne tilbake til mine røter. I dette tilfellet, til nynorsken. Som var mitt hovudmål på Ølen vidaregåande, men som eg aldri har brukt i yrket mitt. Som journalist i hovudstaden er det vanskeleg nok i seg sjølv å få jobb om du ikkje attpåtil skal sikte deg inn mot dei yttarst få avisene som praktiserer nynorsk. ​ ​
​Og det er jo ikkje så stress å tilpasse seg (om du er nynorskperson, skulle likt å sjå bokmålsfolket finne seg i det same!). Ein har jo lært to mål i skulen, så kvifor ikkje satse på sidemålet. Me tek lydig i mot den paletten me blir tildelt av arbeidsgivar og malar så godt me kan. Det er fine fargar og gode ord, som for eksempel ”bevilgninger” , ”tilgjengelig” og ”bolig”. Likevel. Det passar liksom aldri å seie ”rass”. Eller å skildre ein graviditet like grotesk som oversetjar Kristin Sørsdal gjer det i den siste Elena Ferrante-boka. ”Kroppen min blei omdanna til blodig væske, inne i den svevde eit grautete botnfall som ein aggressiv polypp vaks framfrå, eit vesen så langt borte frå noko menneskeleg at det, endå det åt og vaks reduserte meg til rotnande materie utan liv”.
​Eg skal ikkje sei at bokmålsbruk reduserer meg til rotnande materie utan liv, men det gjer meg litt dvaskare. Bokmål er for meg eit sett med pastellfargar. Eg har laga heilt ok ting med pastellfargane i snart tretten år. Eg er flinkast på det. Likevel er det ei stor oppleving å plukke fram språket som ligg tankane mine så mykje nærare. Som å plutseleg få bruke knallfargar og stereolyd. Det gir kjensla av superkrefter, av å kunne springe fritt.
​Det er kjekt, men ikkje enkelt. Å publisere saker på nynorsk, slik som denne, er det skumlaste eg gjer. Eg er jo ikkje god i nynorsk lenger. Eg har skrivefeil, bruker ord som er forbode og ord som er utdatert. Dei som er endå dårlegare enn meg sit gjerne på avisdeskane, dei fangar det ikkje opp og eg veit at sjansen for å få skrivefeil på trykk aukar dramatisk om eg vel nynorsk. Skrivefeil er det verste som fins for ein journalist. Det er jo liksom det eg skal kunne, og når eg ikkje ein gong klarer det… Slik er det kanskje i alle yrker. Når ein bommar på ballen som fotballspelar, eller som lærar mister fatninga og brøler til elevane. Det skal ikkje skje. Du skal vite betre. Likevel, det skjer.
​Og i mitt tilfelle, når det skjer får eg kjeft. Kvar morgon ligg det mailar frå nynorskmafiaen, eit knippe privatpersonar som har scanna artiklane mine på nynorsk og funne feil. Her er det ikkje bra nok, seier dei. I starten sa eg takk. For det er jo ein service, det der. Eg vil jo lære, men metoden deira er diverre gift. Det er ingen pedagogikk, ikkje noko hyggeleg. Det er berre kjeft.
​Sånt noko har dei ikkje i byen, i bokmålsleiren. Det gjer det så utruleg mykje lettare å velje bokmål. Der er det ingen som sender rasande mail om skrivefeil. Sjølv om eg definitivt skriv feil, også der. Bokmålsleiren har det generelt lettare, lysare, fleire jobbar å gi, større salspotensial og i det heile tatt, betre humør. Sånn er det vel å vere i posisjon.
​Det er fristande å melde varig overgang. Å seie til nynorsk-masekoppane at greitt, berre ta det. Ta det teite minoritetsspråket og stapp det opp i dei pedantiske rasshola dykkar! Elsk det, nyt det. Eg gir vel blaffen, ha det vesle innfløkte språket dykkar i fred!
​Problemet er berre at det er ikkje deira vesle språk. Det er også mitt. Det er dette som er stemma mi. Så eg bruker det, nynorsken, litt til og litt meir. Så blir eg betre, litt etter litt. Det er heldgivis meir kjekt enn skummelt. Og det anbefales. Om det er lov å skrive anbefaler, då. Eg oppmoder til? Jaja, eg får vel beskjed, tenker eg.

 

(Teksten har tidlegare stått på trykk i Haugesund Avis)

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google photo

You are commenting using your Google account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: