Skip to content

Kristy, Claudia og meg

Då eg vaks opp i vesle Vikedal på nittitallet var landskapet ganske oversikteleg. Eg bevega meg i rute mellom Magnhild og Lina i byggefeltet, via Siv Unni i Osen og opp til Elisabeth og Janette Belinda på Opsal.

Når eg tenker tilbake er det som om det går stipla linjer mellom desse stadene, koordinatane i mitt kvardagsliv. Det var rett og slett berre der eg var.

Eller, nei.

Ikkje heilt korrekt. Eg levde også i ei parallell verd.

Når eg lukkar auga ser eg også heilt tydeleg for meg gatene og vegen mellom Kristy, Mary-Ann, Claudia, Dawn, Stacey og dei to småtassane som eg kjente, men ikkje alltid gadd å henge med: Mallory og Jessica.

Eg var omtrent like intenst tilstade i Vikedal som eg var i Stoneybrook, Connecticut.

Beklager Elisabeth, men i mi fiktive draumeverd var det ingen som budde på Opsal. Altfor bratt!

Bøkene om jentene i Barnevaktklubben er skrive av Ann M.Martin ( + ghostforfatterar) og vart distribuert gjennom TL-klubben.

Ann M. Martin skildra ei verd som likna mi. Det handla ikkje slik som preteen-bøker ofte gjorde, berre om elende og/eller kjærleik (to heilt irrelevante faktorar i mitt barneliv). Dei handla om storesysken og småbrødre. Om fritidsaktiviteter, skule, penger, skilsmisser, sjuke besteforeldre, strenge foreldre og det store, bygde-relevante tema: Kan me vere venner sjølv om me er heilt utruleg forskjellige?

Bøkene gikk rett inn i tema som ikkje akkurat var tabu, berre underkommunisert.

I motsetnad til f.eks Full House kor kvar episode alltid enda med at Bob Saget (rest in peace) tok Stephanie eller MaryKateAndAshelyOlsen på fanget og forklarte dei verda, erindrer eg at det ikkje alltid var ei løysing hos Barnevaktklubben. Det var bare ei verd som forandra seg, ulikskapar dei måtte leve med. Det vart ikkje full idyll i storfamilien til Kristy. Claudia blei aldri ein skulevinnar. Stacey måtte leve med diabetesen sin (herregud som eg ønska meg litt diabetes!).

Me er veldig mange som levde parallelle liv gjennom bøkene i oppveksten, og dei kom gjerne innpakka i bobleplast, finansiert av vekepenger og sendt frå forlaget Stabenfeldt og klubbane deira, TL-klubben og Penny-klubben.

I tillegg til livet i Stoneybrook brukte eg også mykje tid blant medlemmene i Pennyklubbens Stallgjengen, og hang ein del med slemme Jessica og snille Elisabeth på Sweet Valley High.

No er eg sjølv serieforfattar for ungdom, og utan at det er bevisst frå meg eller medforfattar Randi Fuglehaug si side, så synes eg å kunne høyre ekkoet frå Stabenfeldt i bøkene våre. Eller er det berre tilfeldig at våre hovudpersonar i Halve kongeriket er eit umake, men slåande vakkert tvillingpar? Eller at foreldra til dei i vennegjengen vår ikkje er vonde, men greie og normale, litt som mora til Kristy? Og desse festane og strendene våre hovudpersonar går på. Dei er vakre dei, hm, like skamlaus skildring av blå auge og kvit sand finn du kanskje berre i Sweet Valley High.

I Stavanger sat redaktør Randi-Tone Overskeid og bestemte kva slags bøker me skulle få gjennom desse klubbane. Eg lurer på kva slags kriterier ho arbeidde etter. Kva slapp ikkje gjennom? Angrar ho på anoreksi-boka Perfekt som eg huskar sååå godt? Er ho klar over at ho potensielt har påverka ein heil generasjon med damer? Ser ho det i samtidslitteraturen, i kvardagen?

På fredag skal eg spørje henne sjølv! Då kjem redaktør Overskeid til Litteraturhuset i anledning deira litterære arrangement om TL-klubben.

Det er gratis, og ordstyrar er Kristin Storrusten. Eg veit ho kjem til å bjude på ein svært morosam funfact om Kladden, så kjenn di besøkelsestid.

.

 

Huff, eg blir rørt av reboot-traileren. Hello.

Om å velje rett og skrive feil

Eg vil skrive litt om nynorsk.

Det er skummelt, for det kjens som å skulle snakke om ulvesaka berre fordi eg har hatt hund. Eller innvandringspolitikk når eg sjølv aldri har vandra nokon stad. Kva veit vel eg, liksom. Kva veit vel eg, om målsaka og organisasjonane og kampsakene og vedtektene.
​Fint lite.

Men likevel vil eg skrive litt om nynorsk. På same måte som ein fotballspelar må få snakke om korleis det kjens å spela fotball utan å ta for seg alle tildelingane til Norges Fotballforbund. Det vesle eg kan om språkhistoria, om målsaka gjer meg fylt av ærefrykt. Det er heilt klart noko kompetente menneske skal ta seg av.

​Eg vil berre snakke om sjølve spelet.

Om kor fint det kan vere å sleppe seg laus over det grøne teppet, få springe så fort ein kan og bruke alle teknikkane ein har i beina og konsentrere seg berre om ballen og målet og skyte og gleda over det.

​Fordi eg har funne tilbake til mine røter. I dette tilfellet, til nynorsken. Som var mitt hovudmål på Ølen vidaregåande, men som eg aldri har brukt i yrket mitt. Som journalist i hovudstaden er det vanskeleg nok i seg sjølv å få jobb om du ikkje attpåtil skal sikte deg inn mot dei yttarst få avisene som praktiserer nynorsk. ​ ​

​Og det er jo ikkje så stress å tilpasse seg (om du er nynorskperson, skulle likt å sjå bokmålsfolket finne seg i det same!). Ein har jo lært to mål i skulen, så kvifor ikkje satse på sidemålet. Me tek lydig i mot den paletten me blir tildelt av arbeidsgivar og malar så godt me kan. Det er fine fargar og gode ord, som for eksempel ”bevilgninger” , ”tilgjengelig” og ”bolig”.

Likevel.

Det passar liksom aldri å seie ”rass”. Eller å skildre ein graviditet like grotesk som oversetjar Kristin Sørsdal gjer det i den siste Elena Ferrante-boka:

Kroppen min blei omdanna til blodig væske, inne i den svevde eit grautete botnfall som ein aggressiv polypp vaks framfrå, eit vesen så langt borte frå noko menneskeleg at det, endå det åt og vaks reduserte meg til rotnande materie utan liv”.

Eg skal ikkje sei at bokmålsbruk reduserer meg til rotnande materie utan liv, men det gjer meg litt dvaskare. Bokmål er for meg eit sett med pastellfargar. Eg har laga heilt ok ting med pastellfargane i snart tretten år. Eg er flinkast på det. Likevel er det ei stor oppleving å plukke fram språket som ligg tankane så mykje nærare. Som å plutseleg få bruke knallfargar og stereolyd. Det gir kjensla av superkrefter, av å kunne springe fritt.

Det er kjekt, men ikkje enkelt. Å publisere saker på nynorsk, slik som denne, er det skumlaste eg gjer. Eg er jo ikkje god i nynorsk lenger. Eg har skrivefeil, bruker ord som er forbode og ord som er utdatert. Dei som er endå dårlegare enn meg sit gjerne på avisdeskane, dei fangar det ikkje opp og eg veit at sjansen for å få skrivefeil på trykk aukar dramatisk om eg skriv på nynorsk.

Skrivefeil er det verste som fins for ein journalist. Det er jo liksom det eg skal kunne, og når eg ikkje ein gong klarer det… Slik er det kanskje i alle yrker. Når ein bommar på ballen som fotballspelar, eller som lærar misterfatninga og brøler til elevane. Det skal ikkje skje. Du skal vite betre. Likevel, det skjer. ​Og i mitt tilfelle, når det skjer får eg kjeft. Kvar morgon ligg det mailar frå nynorskmafiaen, eit knippe privatpersonar som har scanna artiklane mine på nynorsk og funne feil. Her er det ikkje bra nok, seier dei. I starten sa eg takk. For det er jo ein service, det der. Eg vil jo lære, men metoden deira er diverre gift. Det er ingen pedagogikk, ikkje noko hyggeleg. Det er berre kjeft.

​Sånt noko har dei ikkje i byen, i bokmålsleiren. Det gjer det så utruleg mykje lettare å velje bokmål. Der er det ingen som sender rasande mail om skrivefeil. Sjølv om eg definitivt skriv feil, også der. Bokmålsleiren har det generelt lettare, lysare, fleire jobbar å gi, større salspotensial og i det heile tatt, betre humør. Sånn er det vel å vere i posisjon.

​Det er fristande å melde varig overgang. Å seie til nynorsk-masekoppane at greitt, berre ta det. Ta det teite minoritetsspråket og stapp det opp i dei pedantiske rasshola dykkar! Elsk det, nyt det. Eg gir vel blaffen, ha det vesle innfløkte språket dykkar i fred!

​Problemet er berre at det er ikkje deira vesle språk. Det er også mitt.

Det er dette som er stemma mi. Så eg bruker det, nynorsken, litt til og litt meir. Så blir eg betre, litt etter litt. Det er heldgivis meir kjekt enn skummelt. Og det anbefales. Om det er lov å skrive anbefaler, då. Eg oppmoder til? Jaja, eg får vel beskjed, tenker eg.

(Teksten har tidlegare stått på trykk i Haugesunds Avis)


Eit lukkeleg nynorsk-augeblikk med nynorske Samlaget-folk på nynorske festspel.