Skip to content

I eitt år dro eg rundt i Noreg og undersøkte korleis ein best skulle takle kjærleiken, økonomien, maten, tida og døden. Resultatet vart mi aller første bok, Livet og korleis leve det.

Den kom ut i 2017, og vart kalt den “eneste selvhjelpsboka du faktisk trenger” av Aftenposten. Den fekk terningkast fem i Dagbladet, vart trykka opp i tre opplag og kjøpt inn av Kulturrådet.

Eg har holdt mange bokbad og foredrag i samband med boka, og eg kan trygt seie at denne boka forandra livet mitt.

Stadig plager eg folk med å gi den i gåve ved bryllup, huskjøp og barselvisittar, for eg vil så gjerne at alle i etableringsfasen skal få vite alt eg fann ut i denne boka! Som foreksempel at det går heilt greit å  ete blåbær frå Polen og kva som mest sannsynleg vil drepe deg om du likevel skulle dø (hint: Det handlar om flaks og uflaks).

Boka eksisterer framleis i verda, og fins å få tak i som pocket.